Anna Kleiva og Pedro Carmona-Alvarez møter Fredrik Hagen til samtale om kva som skjer når motstand blir til stil, design og identitet. I ei tid der opprør raskt kan omsetjast til estetikk og produkt, blir det stadig vanskelegare å skilje mellom det som utfordrar makta og det som blir absorbert av henne. Kva skjer med motstand når han blir del av det same systemet han forsøker å kritisere? Vi utforskar korleis politiske og kunstnariske uttrykk kan miste brodden sin når dei blir ein del av trendbiletet, marknadslogikk og visuell kultur.
