LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Det store rommet

Pedro og Endre Ruset om litterære mursteinar.

Pedro Carmona-Alvarez og Endre Ruset om dei store bøkene, dei lange forteljingane og alt det som oppstår undervegs. 

Den siste valsen er Pedro Carmona-Alvarez sin nyaste roman og ein frittståande oppfølgjar som fullfører ein trilogi med utgivingar spreidde over fjorten år. Med sine nær tusen sider er boka ein litterær murstein – eit stort rom å gå inn i, både for lesaren og forfattaren.

Kva skal til for å halde fast i ei forteljing over eit så stort lerret? Kva er planlagt, og kva oppstår undervegs? Kva får ein forfattar når ein gjev seg sjølv så mykje plass – og kva må ein ofre?

Carmona-Alvarez debuterte som poet med den langt meir komprimerte Helter. Sidan har han rørt seg fritt mellom poesi, romanar, noveller, essay, dramatikk og gjendikting, og bygd ein forfattarskap som stadig har opna nye rom – frå det konsentrerte diktet til dei store, vidfemnande forteljingane.

Tittelen Den siste valsen er henta frå den norske tittelen på The Bands legendariske avskjedskonsert, seinare udødeleggjort i Martin Scorsese sin konsertfilm. For Carmona-Alvarez, som òg er musikar, er møtet mellom musikk og litteratur ein viktig del av forfattarskapen. Kva skjer med litteraturen når musikken får vere med inn i det store rommet?

 

Det%20store%20rommet

Pris

200

Dato og tid

03.10 kl. 16.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
ENDRE RUSET
ENDRE RUSET