Anne Hytta frå Sauland i Telemark, busett i Oslo, er prisvinnande hardingfelespelar og komponist som arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret, og med nyskriven musikk. Dei smidige linjeføringane frå gamal tradisjonsmusikk er utgangspunktet i alt det musikalske arbeidet hennar. Som frilans musikar er ho involvert i ei rekkje ulike prosjekt, frå mellomaldermusikk til improvisasjonsmusikk, frå solo til større ensembler.
Ho ga nyleg ut kammermusikk-albumet BRIGDE med Telemark Kammerorkester, med eigenkomponert musikk for solohardingfele til gode omtalar.
Som 11 åring byrja Anne Hytta i hardingfelelære hos spelemannen Einar Løndal (1914 - 2006) frå Tuddal i Telemark. Han kom frå ein familie av spelemenn i mange generasjonar. Faren Svein forma ut slåttar i eigen stil, seinare kalla Løndalspel, som på mange måtar er det musikalske morsmålet til Hytta.
Hytta har vunne mange prisar, frå Folkelarm-prisen til Spelemannprisen og Årets folkemusikar.
Vi har invitert Hytta saman med songar Berit Opheim, til å dykke ned i det magiske ved folkemusikken, i ein konsert dei har kalla Toeine.