LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

FOSSE FOR DUMSKALLAR

Høyrt masse om Fosse men aldri lese han? Lese Fosse men nysgjerrig på mannen?


Velkomen til noko såpass sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling. Fosse for dumskallar er Linda Eide sine forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Kva skjedde eigentleg då Jon Fosse tok heilt av? Korleis vart den uhippe strandebarmingen plutseleg verdas kulaste dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket.
Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre studiepoeng.

 

Manus og framføring: Linda Eide
Piano og verbal bækking: Sjur Hjeltnes
 

program-closed
IMG_6031

Pris

350,-

Dato og tid

06.10 kl. 20.00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

LINDA EIDE
LINDA EIDE
SJUR HJELTNES
SJUR HJELTNES