Korleis konstruerer politi og rettsvesen forteljingar kring antatte gjerningspersonar når det manglar tekniske bevis, og er vi i stand til å sjå det potensielt feilbarlege ved slike narrativ?Dei siste åra har fleire av dei mest brutale drapssakene i nyare norsk historie vore gjenstand for stor merksemd og forsøk på gjenopptaking. Espen Stueland har skrive essay om skuldspørsmålet og fetterens tilståing i Birgitte Tengs-saken. Bjørn Olav Jahr har skrive bøker både om Tengs- og Baneheia-saken, og dokumentaren hans om Tengs-drapet gjekk på TV2 i haust. Frode Helmich Pedersen leier forskargruppa “Strafferettens fortellinger” ved UiB, kor ein ser på grenseovergangane mellom rett og litteratur. Dei tre møtest til samtale om falske tilståingar, rettsforteljingar og dikting i kriminalsaker.