Åsne Seierstad (f. 1970) er ein av Noregs mest leste og kritikarroste sakprosaforfattarar.
Ho debuterte med boka Med ryggen mot verden: Portretter fra Serbia (2000) og fekk eit verdsomspennande gjennombrot med Bokhandleren i Kabul (2002). Boka låg i over eitt år på bestselgarlistene til New York Times i USA og Sunday Times i Storbritannia. De krenkede – historier fra Tsjetsjenia om Putins første store krig, kom ut i 2007. En av oss (2013) om 22. juli-terroren vart møtt med overstrømmande kritikkar i inn- og utland.
Seierstad mottok Brageprisen for To søstre (2016), som solgte i 200.000 eksemplarer berre i Norge. Også for Afghanerne (2022) vart ho nominert til Brageprisen i klassen for beste sakprosabok. Seierstad har blitt tildelt Den store journalistprisen, Bokhandlerprisen og The Leipzig Book Award for European Understanding.
Seierstad er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga russisk, spansk og idéhistorie. Dei første artiklane sine skreiv ho frå Russland, der ho var korrespondent for Arbeiderbladet frå 1993 til 1996. Ho har dekka konfliktane i Kosovo, Irak, Afghanistan og Syria for norsk og internasjonal presse.
I september kjem den niande boka hennar; Ufred – Russland fra innsiden.