Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Vi set av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Forhåpentlegvis gjev smakebiten oss meirsmak!
Programvert Tora Sanden Døskeland møter poet Endre Ruset og poet Anna Kleiva til litterær speeddate for å snakke om romanen Løpende villsvin og diktsamlinga Triks.
Løpende villsvin er ei skildring av oppvekst og lagnad, av ein familie som går i oppløysing.
Diktsamlinga Triks er noko så spesielt som ein satirisk svart komedie og samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen.

