Dei første jegarane kom til Hardangervidda for rundt 9000 år sidan. Gjennom tusenvis av år har menneske brukt vidda til jakt, ferdsel, fedrift og beite. I dag er vidda eit eldorado for fotturar, jakt og fiske, men høgjellsplatået er også eit konfliktområde. Ulike og stundom motstridande interesser, i tillegg til usemje om tiltak for den raudlista villreinen, har ført til steile frontar mellom Den Norske Turistforening og villreininteresserte.
Reidar Borgstrøm er biolog og professor emeritus ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i Ås. Borgstrøm kjenner Hardangervidda svært godt både som forskar og som aktiv brukar. Tidlegare i år vart han tildelt Ullensvang kommune sin kulturpris for 2025 for framifrå engasjement og omfattande kulturminnearbeid, mellom anna for Hardangervidda. Overrekkinga av prisen vil skje etter foredraget.
Foto: Kristin Eide for Hardanger Folkeblad
