LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

KJERSTI WØIEN HÅLAND

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane, og er busett i Lillehammer, der ho går på filmskule.  

Ho debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti, som opnar med dei absolutt avvæpnande linjene: «kom inn/ Kjersti bur her».
 
Dikta hennar er inspirerte av Haiku-dikt, og formatet minnar om dei korte, presise twitter-meldingar. Dei kortfatta dikta stiller spørsmål ved kva som er ekte når alt i verda kan kjennast fiktivt. ”Dikta handlar om at ein blir sett på ein særskild måte – men korleis klarer ein å sjå seg sjølv slik andre ser? Ein slags paranoia skin gjennom i tekstane”, seier Håland sjølv.

Av og til poserar eg
i tilfelle eg blir overvaka,

frå diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti
 
Hausten 2014 kom hennar første roman, Dommedøgn, som handlar om industribygda Berg. Fabrikken er nedlagd, framtida er usikker, og naturen truande.  

I Dommedøgn følgjer vi  fleire av bebuarane i Berg, m.a. den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidlar. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar å ha mista ho, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.

Boka fekk god kritikk då ho kom ut, og kjendes skummelt nær oss i Odda, når naturkreftene ramma som verst seinhausten.
 

Program

Tidligere program

BEDRIFTSBESØK (09.10)
GATEPRAT (10.10)

Tidligere program

BEDRIFTSBESØK (09.10)
GATEPRAT (10.10)
KJERSTI WØIEN HÅLAND