Inger Bråtveit (f. 1978) er ein norsk forfattar, oppvaksen i Suldal. Ho studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen, og skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet.
Bråtveit fekk mykje merksemd med debutromanen sin, Munn mot ein frosen fjord (2001), som ho fekk Nynorsk Litteraturpris for. Ho festa posisjonen sin som ein viktig samtidig forfattar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas. For denne vart ho nominert til Kritikerprisen.
Love Project (2009) var eit samarbeid med den svenske poeten Cecilia Hansson, og var Bråtveits debut som poet. Ho har óg samarbeidd med kunstnarar som Jenny Hval, og debuterte som barnebokforfattar i 2012, med biletboka Kven er snillast av mor og far?
I romanen Alice A4 (2015) syner ho gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.
Hennar foreløpig siste roman, Dette er også vatn (2019), er ein hybridroman der personlege hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar. Dette er også vatn er ei bok om å vere dotter, mor, stemor, ektefelle, syster. Det handlar om fødsel og død, om kva som skal til for å halde seg skrivande, levande, og om korleis sanning og løgn verkar under ulike vilkår. Og om korleis liva våre er bundne saman, og korleis livet til eit enkelt menneske er forbunde med større kollektive og politiske strukturar.
Ved sida av å skrive eigne bøker, jobbar Bråtveit som skrivelærar ved Forfattarlinja ved Danvik folkehøgskole. Ho arbeidde for Det Norske Bibelselskap sitt revisjonsprosjekt Bibel 2011, og var jurymedlem då Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival kåra dei 10 beste norske forfattarane under 35 år.
Bråtveit fekk Bjørnsonstipendet i 2009.