LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

BRYNJULF JUNG TJØNN

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for "Så vakker du er" i 2013, og vann P2-lytternes litteraturpris 2021 med «Kvar dag skal vi vere så modige» 

Brynjulf Jung Tjønn er fødd i Sør-Korea. Han vart adoptert til Noreg i 1983 og voks opp i Feios i Sogn. Han har vore journalist og redaktør, og sidan 2017 har han vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

Tjønn har publisert dikt, noveller og essay i antologiar og magasin, mellom anna i Syn og Segn. I tillegg har han gitt ut fleire bøker, både for born, ungdom og vaksne. 

Døden er eit grunnleggjande tema i forfattarskapen. Familiekriser er òg eit motiv forfattaren nyttar ofte. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt, med nyskapande bilete og ein nøktern stil. Språket er enkelt og direkte, sterkt og vakkert.

Han romandebuterte i 2002 med Eg kom for å elske. Med korte, presise situasjonsskildringar skaper forfattaren bilete av ei ungjente fylt av smerte over ein familie i endring. Ungdomsromanen Så vakker du er (2013) tematiserer kjærleik, tap, sorg og død. Hovudpersonen opplever at ein kjær onkel er døyande. I sterke, rørande skildringar stig ein bodskap fram, om å gripe sjansar og leve livet medan ein har det. 

I haust gjev han ut langdiktet Kvit, norsk mann.  

Program

Tidligere program

DET BLANKE ARK (06.10)
2022
DOBBELT UTANFORSKAP (06.10)
2022
STRUKTURELL RASISME (07.10)
2022

Tidligere program

DET BLANKE ARK (06.10)
2022
DOBBELT UTANFORSKAP (06.10)
2022
STRUKTURELL RASISME (07.10)
2022
BRYNJULF JUNG TJØNN