LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

BJØRN VÅDE

Bjørn Våde er forfattar frå Tyssedal. Våde har gjeve ut tre bøker og medverka til fleire utgjevingar.

Våde har i ei årrekkje samla historiar om spøkelse og har gjeve ut to bøker med forteljingar frå heile landet. Han har granska kyrkjebøker og dokument, intervjua vitne og reist landet rundt. I boka “Alle norske spøkelser: fra hav til herregård” (1999) presenterer han dei beste historiane. Her kan ein t.d. høyre om spøkelset på Austrått, den kvite dame i baronihagen i Rosendal, hotellspøkelset i Skien - mannen som sjekka inn, men ikkje ut, majoren på restaurantloftet, Blåmannen i gruvene som varslar ulykke og Norges mest hjemsøkte katedral med ein sint munk, underleg song og eit mordforsøk.

I 2001 fulgte han opp med “Spøkelser og grøss”. Her byr han på sukk frå gløymde graver, Herregårdsspøkelsa på Tomb, Varbjørnen, Spøkelsa ved Kirkeristen, Spøkelsene varsler på Tjøtta, Likvake, Klosterspøkelser, Knokkelhånden og mange flere.

Våde har og lenge interessert seg for gamal norsk kriminalhistorie. I boka «Fra galgebakke og skafott» skriv han om forbrytarar og ugjerningane deira, i kriminalhistorier der kjerneelementet er henrettingar i Noreg gjennom historia. Vi møter kongar, statsmenn og maktpersonar – lagmenn, futar, prestar, skarprettarar og andre aktørar frå den gong, og følger forbrytarane heile vegen til skafottet. Her er drukkenbolter og hardbarka kriminelle, men óg heilt vanlege menneske som tok dramatiske val i pressa situasjonar.

Han har óg vore redaktør for jaktantologien “Fortellinger fra jaktmarkene” (2004).

Program

Tidligere program

SPØKELSE (07.10)

Tidligere program

SPØKELSE (07.10)