Anders Totland (1986) er ein forfattar frå Kvinnherad. Han skriv bøker både for born, ungdom og vaksne.
Totland debuterte i 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. I 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen. Boka hausta svært gode kritikkar, og er også omsett til dansk. For denne fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris.
Han har bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kom ut hausten 2016. Det er den femte og siste boka i Skald forlags sin serie av nye, nynorske forteljingar for born, gjennomillusertrert av Gunvor Rasmussen. Totland er utdanna kokk og har har gjeve ut kokeboka Digg.
Han har gjeve ut fleire sakprosabøker: seinast er Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør (2021).