LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

LITTERÆR LUNSJ: Klimafiksjon

Espen Stueland om klima og økofiksjon.
Korleis kan skjønnlitteraturen nærme seg temaet klimaøydelegging, den mest dramatiske trugselen mennesket står overfor i vår tid? Er det i det heile tatt mogeleg å seie noko slagkraftig, når ideen om å samle oss om reell kollektiv endring verkar stadig meir utopisk for mange? Kva mistar vi som menneske når den ville naturen blir borte for oss, og er litteraturen prega av resignasjon eller håp på vegne av verda? Forfattar og essayist Espen Stueland held foredrag om økolitteratur. Med utgangspunkt i bøker og dikt av Carl Frode Tiller, Annie Proulx, Göran Sonnevi og Inger Christensen vil han sjå på korleis litteraturen tenker kring spørsmål om klimatrugsel og historisk utarming av naturen.
 
program-closed
espen_stueland%2C_foto_cato_lein

Pris

Gratis

Dato og tid

10.10 kl. 11:30

Sted

IRIS SCENE

Medverkande

ESPEN STUELAND
ESPEN STUELAND