LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

GÅR DET TIL HELVETE SÅ GÅR DET TIL HELVETE

Lothepus og Finn Tokvam i samtale med Kjersti Mjør.
«…ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane». Lothepus


Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå fjorden, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til. Over ein million fekk med seg at Lothe vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni? Det har journalist og forfattar Finn Tokvam freista finne ut av. Mange samtalar med Lothepus har resultert i ei bok full av røvarhistorier, fortald av Lothe. Journalist og harding Kjersti Mjør møter Lothe og Tokvam til samtale. 
 

Pris

150

Dato og tid

11.10 kl. 21:30

Sted

IRIS SCENE

Medverkande