LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

TOEINE

Konsert med Anne Hytta (hardingfele) og Berit Opheim (song).


Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken.

Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege viser og solbøner er alle lada med eit mytisk innhald, og ofte særeigne og vakre melodiar. På fela er huldreslåttane ofte spela på særskilde felestille som gjev ein heilt spesiell klang.

Det mystiske og mytiske i tekstane og musikken har alltid gjort folk nyfikne; det vi ikkje heilt forstår blir vi ofte dregne mot.

Denne musikken er innhaldet i konserten Toeine der Anne og Berit formidlar slåttar og folketonar frå Telemark og Voss/Hardanger. All musikken er i eigne arrangement, i solo og samspel, i tillegg til noko nykomponert.

program-closed
toeine

Pris

250,-

Dato og tid

05.10 kl. 21.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS
DEN RAUDE SAL

Medverkande

BERIT OPHEIM
BERIT OPHEIM
ANNE HYTTA
ANNE HYTTA