LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

KLASSIKARSAMTALEN - GUNNVOR HOFMO

Kaja Schjerven Mollerin og Fredrik Hagen.
Gunvor Hofmo (1921-1995) er ein av våre største poetar. Ho debuterte med diktsamlinga Det er ingen hverdag mer i 1946, få år etter at hennar nære venninne Ruth Maier vart arrestert, og drepen i Auschwitz. Dikta til Hofmo er blant det sterkaste som er skrive om andre verdenskrig og Holocaust. Forfattarskapen krinsar også om tema som einsemd, tru og kjærleik. Medan Hofmo i periodar levde eit tilbaketrukke liv, var det langt frå A4. I dag veit vi at ho var lesbisk, i ei tid då homofili etter lov var straffbart. Ho var også innlagt på Gaustad sjukehus på 1950-talet.

Kaja Schjerven Mollerin har vore oppteken av Hofmo lenge, og i fjor kom den vesle boka Verden og buksene. Der undersøker ho Hofmo sin kjærleik til kvinner, og korleis legningen hennar vart sett i samanheng med psykisk liding av det psykiatriske behandlingsapparatet. Schjerven Mollerin møter Fredrik Hagen til samtale om Gunvor Hofmo. 

Pris

150

Dato og tid

07.10 kl. 12.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande