LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

HEILE VERDA I EIT BILETE

Forfattar John Erik Riley held eit personleg føredrag om fotografiet før og no, og om sitt eige forhold til kameraarbeid.
Han tek utgangspunkt i kjende fotografar og fotoskribentar, men fortel vel så mykje om dei siste åras omveltingar, i USA, under pandemien og i dagens politiske situasjon. Korleis kan vi ta tilbake forholdet vårt til kameraet og til bilete? Kan det framleis vere eit verktøy for tenking og hjelpe oss til å sjå på ein annan måte? Er flaumen av bilete så stor at dei mister verdi? Eller treng vi kanskje bileta meir enn nokon gang?
 

Pris

100

Dato og tid

06.10 kl. 14.00

Sted

IRIS SCENE

Medverkande