LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

DOBBELT UTANFORSKAP

Brynjulf Jung Tjønn m.fl. om adoptivborna.
«Vi har kanskje undervurdert diskriminering av utenlandsadopterte», sa dåverande statsminister Erna Solberg etter drapet på Johanne Zhangjia Ihle-Hansen i 2019. Utenlandsadopterte opplever like mykje forskjellsbehandling som personar med innvandrarbakgrunn, og svært mange adoptivborn kjenner på ei dobbel kjensle av utanforskap. Likevel er dette aspektet sjeldan diskutert i offentlegheita. Vi har invitert to forfattarar frå ulike generasjonar, begge adopterte frå Korea som små, og vakse opp i denne splitten, som har skrive om adopsjonstema i bøker og kronikkar.  Den Bragepris-løna forfattaren Brynjulf Jung Tjønn har skrive om temaet i sine bøker, mest eksplisitt i romanen «Kinamann» frå 2011. Forfattar og famlieterapeut Anne Kyoung Sook Øfsti skriv i “Si at vi har hele dagen” om menneske som stiller seg sjølve spørsmålet: Kven kunne eg vore om om alt hadde vore annleis? Korleis skil adopsjonserfaringa seg frå andre etnisk minoritetserfaringar? Møt Tjønn og Øfsti i samtale med Kjersti Mjør.

Pris

150

Dato og tid

06.10 kl. 19.00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande