I over 30 år har Rune Christiansen vore blant dei mest markante diktarane vi har i Norge. Som forfattar er han nær sagt for eit unikum å rekne, som meistrar mange sjangrar på like skarpt og eigenarta vis. Etter debuten «Hvor toget forlater havet» i 1986 har han gitt ut elleve diktsamlingar og ei stadig lengre rekke prosabøker. Dei seinaste åra har mange lesarar knytt sterke band til romanar som «Krystantemum» og «Ensomheten i Lydia Ernemanns liv», og i haust er Christiansen aktuell med «Saken med den tapte tidens innfall», som har blitt svært godt motteken. Ved sida av eigen forfattarskap har Christiansen vore ein viktig gjendiktar av utanlandsk lyrikk, og kunstnarisk leiar av Forfatterstudiet i Bø.
Kvar kjem dette voldsomme litterære overskotet frå? Kva for trekk og tema går att i forfattarskapen? Rune Christiansen møter poet og stipendiat Fredrik Hagen til samtale.