LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

33 ELLEVILLE NORDMENN
BETRAKTE ANDRES LIDELSE
BIKUBESALONG
Blikket utanfrå
Blokkliv
Byens spor
DEN ELLEVTE MANN
Det blanke ark
DET SOM BLEI HEILT UT
Det store i det små
DOBBEL UTANFORSKAP
ELEVKONSERT
EPOS
EPOS
Filosofisk frukost
FOTBALLDEBATT
Fredrik Høyer + Kim Christer Hylland
FRÅ STEIN ER DU KOMEN, TIL STEIN SKAL DU BLI
HALLO ODDA
HEILT A4: SHOW MED SPRÅK
HØYER + BAKSAAS
JAMMERDALEN
JON MICHELET
KAMERAT LIVET
KLASSIKARSAMTALEN - GUNNVOR HOFMO
KONSERT: VILDE TUV
LESEKROK
Lesestund
LITTERÆR KRAFTSTASJON
Litterær lunsj
LITTERÆR LUNSJ
Litterære vennskap
LYDEN AV A4
LYSTHUSET
MONO
Moonprinz
Mot normalen
MØTE MED BYRÅKRATIET
NATTSVØMMING
ODDA I LITTERATUREN
Om Kendrick Lamar
Oskespiralen, sleppfest
Raskt ekspedert
SAND I MASKINERIET
SCI-FI
Sentralbadet poesi
Sentralbar
SKEIVE IKONER
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
Skuleprogram
SLEPPFEST: EITRANES
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
Småsymp - Alle har en liten dør bak øret.
Småsymp - Alle har en liten dør bak øret.
STRUKTURELL RASISME
TEKSTLAB
TEKSTLAB
TRANSITT
U-BAR
UTSTILLINGSOPNING SKEIVE IKONER
ÅLEINE SAMAN

Katalog 2021

Program2021

FAST I TRUA

Alf Kjetil Walgermo i samtale med Anders Totland om “Du som er i himmelen”.
Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise fram.

I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?

Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn. I kontrast til mørket står det kristne håpet om nytt liv og nytt lys. Er det ei desperat handling å slutte seg til eit slikt håp? Med gravferda til dottera som ramme går Walgermo til kjernen av den kristne bodskapen. Kva betyr denne bodskapen for han? Og er trua noko som står seg i Noreg i vår tid?

Møt Walgermo i samtale med Anders Totland. 
 

Venue

100,-

Dato og tid

fredag 11. oktober kl. 17:00

Medverkande