LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

SLEPPFEST LOTHEPUSMANUALEN

VARSKU HER! Sleppfest med Lothepus, Heidi Molstad Andresen, Asbjørn Slettemark og Kor So Helst.
Dei fleste av oss tok ikkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår eit pålestikk. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Og kva gjer du om du har svelga to Viagra ved eit uhell? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg "godt nok"?

Denne hausten er heile Norges skytebas, entreprenør, spelemann og campingplass-konge, Leif Einar "Lothepus" Lothe, aktuell med ny bok. Saman med journalist Heidi Molstad Andresen har han skrive ein sjølvhjelpsmanual med alt du treng for å takle livet, kjærleiken - og ein tett vask. I Lothepus-manualen deler Lothe raust av ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa - og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunne.

Vi inviterere til sleppfest for ny bok på Lothepus camping på Hjøllo der Asbjørn Slettemark møter Lothepus og Heide Molstad Andresen til samtale. Det staute mannskoret frå Ulvik Kor So Helst byr på songglede og godt humør.
varsku%20her%20ny

Pris

200

Dato og tid

04.10 kl. 12.00

Sted

LANGHUSET

Medverkande

LOTHEPUS
LOTHEPUS
HEIDI MOLSTAD ANDRESEN
HEIDI MOLSTAD ANDRESEN
ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
KOR SO HELST
KOR SO HELST