Maaza Mengiste møter Elise Winterthun (engelsk).
Den italiensk-etiopiske krigen, som utspelte seg i opptakten til andre verdskrig, er omdreiingspunktet for Maaza Mengiste sin storslegne og medrivande roman Skyggekongen. Forteljinga finn stad i 1935, og Mussolini sin hær har invadert Etiopia. Haile Selassie har flykta i eksil, og dei etiopiske soldatane fører ein blodig geriljakrig for å slå den fascistiske okkupasjonsmakta tilbake. Vi følger den foreldrelause Hirut, som er hushjelp hos ein mektig offiser i den etiopiske hæren. Undervegs i forteljinga blir også ho del av geriljakrigen. Medan mykje av litteraturen om andre verdskrig er sentrert kring menn, er Skyggekongen eit portrett av kvinnene som sette sitt preg på dette dramatiske kapitlet i nyare afrikansk historie. Romanen har fått stor internasjonal merksemd, og vart nominert til den høgthengande Bookerprisen. Boka vart omsett til norsk i 2023. Forfattar Maaza Mengiste er fødd i Etiopia og bur i New York, der ho arbeider som litteraturprofessor. Tidlegare har ho gitt ut romanen Beneath the Lion’s Gate. I Odda møter ho kritikar og journalist Elise Winterthun til samtale.