På symposiet sin faste fotballdebatt møtest fotballekspertar og fotballinteresserte forfattarar til uhøgtideleg og blodseriøs samtale om vår tids viktigaste og sjukaste idrett. Lekre verbale driblingar og stygge sklitaklingar må påreknast!
Fotballkampar er ein fristad der ein kan vere seg sjølv, heilt utan filter og sjølvkontroll. Fotballen vekker kjensler ein ikkje visste ein hadde: eksplosjonar av glede, sinne, hat og kjærleik om kvarandre. På årets fotballdebatt finn vi fram til dei mest eksplosive situasjonene og temaa, som ofte er høgst subjektive. Norske fotballbanar er åstad for stadige eksplosjonar. Stadig er det spelarar, trenarar og tilskodarar som detonerer. Ikkje ein gong barnefotballen, som eigentleg skal vere ein leik, er skåna. Kva er det med fotballen som får folk til “miste det”?
Kveldens panel:
Håkon Opdal, pensjonert keeper. Håkon er eigentleg ein roleg type, i alle fall når han får rast frå seg. I over tredve år fekk han herja på fotballbana, men kor får han utløp for raseriet sitt no?
Frode Grytten, forfattar og odding, har klikka på tribunen på Brann Stadion i ein mannsalder. Noko glede har det òg vore, men eksplosjonen har aldri vore langt unna.
Henning Bergsvåg, poet og bergensar, har klikka saman med Frode på Brann Stadion i ei årrekke, og har omfattende sjelslege skader etter å ha gått jamt på brannkampar heilt sidan 80-talet.
I tillegg kjem dei to journalistane og sertifiserte fotballidiotane Asbjørn Slettemark og Sven Bisgaard Sundet som begge har ein ting eller to å seie om denne vakre, sjuke idretten - noko dei allereie har gjort i ei årrekke i kvar sin fotballpodkast; høvesvis Dritte Halbzeit og Heia Fotball. Begge er returnerande symposievenner.