LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

DET ÅRET EG VAKNA

Sigri Sandberg held foredrag.

Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho innser no at ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I boka dette foredraget er basert på, erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, i ei personleg forteljing med geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor. Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? 

 

det%20%C3%A5ret%20eg%20vakna

Pris

150

Dato og tid

04.10 kl. 13.30

Sted

RØLDAL KULTUR- OG PILEGRIMSGARD

Medverkande

SIGRI SANDBERG
SIGRI SANDBERG