Sumayo Jirde Cali og Anine Kierulf møter Tora S. Døskeland til samtale om grenser for offentleg ordskifte.
65 prosent av nordmenn mellom 25 og 34 år rapporterer at dei har vore vitne til at enkeltpersonar eller grupper har blitt utsett for netthets. Samtidig blir satiren og humoren stadig drøyare, i alle kanalar. Grensa mellom humor og hets blir strekt stadig lenger. Ytringsfridom er ein menneskerett vi set høgt, og det skal vere høg himmel for å uttrykke meiningane og synspunkta sine, men éin stad kryssar ein den grensa. Kor går grensa for kva ein kan seie i det offentlege rom? Sumayo Jirde Cali og Anine Kierulf møter Tora S. Døskeland til samtale om grenser for offentleg ordskifte.