For barn og familiar.
Den prisvinnande forfattaren, illustratøren og serieskaparen H. L. Phoenix har hatt stor suksess med den illustrerte serien om Arkin - Lysets vokter, og har motteke Siri Pettersens Ravneringene-pris for forfattarskapen sin. Bokserien er ein vakkert illustrert portalfantasy der draumar blir verkelege, der einsemd og sakn kan redde liv, og der den minste personen kan kaste den lengste skuggen. Serien er planlagd til seks bøker, og no kjem den femte! Forfattar og illustratør H. L. Phoenix kjem til Odda bibliotek for å fortelje om den prisvinnande serien. Ope for unge og gamle i alle aldrar.