Djup fred har blitt avløyst av krig, ustabile politiske leiarar, klimakrise og eit internett som har gått amok. Trusselbildet er meir alvorlege enn på lang tid. Demokratiske grunnverdiar er i spel. Samtida kjennest farleg, usikker og kaotisk.
Motstandskraft handlar om å halde hovudet kaldt i ei stadig varmare verd. I motstandskrafta ligg motet; å stå opp for det som er viktig, motstanda; å sette seg på bakbeina i staden for å lunte med. Her ligg òg ordet stand; eit standpunkt, ei stilling, ein posisjon - det motsette av å vere samd med siste talar. Her ligg krafta; den makta ein kan ha som einskildmenneske og fellesskap i møte med dei som ikkje vil oss vel.
Sentralbadet litteraturhus har sett seg føre å undersøka rolla til kultur og kritisk tenking som ein del av beredskapen. Kulturen er samtalane vi deler, prinsippa vi handlar etter og fellesskapet vi ønsker å bevara. Handlar beredskap vel så mykje om kva ein har mellom øyra som kva ein har i kjellaren?
LENGE LEVE DEMOKRATIET!
Korleis skal vi tenke og handle for å bevare demokratiet - og kvifor er det så viktig at det består? Noreg er eit av verdas fremste demokrati: Samfunnet vårt er basert på tillit innbyggjarar imellom, og tillit til det politiske systemet. Det er stor takhøgde for meiningsbryting, og grunnleggande rettar vert stort sett tekne godt vare på. I store delar av verda derimot, går demokrati som styringsform tilbake: Fleire og fleire stabile demokrati ser ut til å forvitre, ytringsfridomen er pressa, og hardt tilkjempa rettar vert fjerna. Kva betyr det for ytringsfridomen vår og for måten vi organiserer samfunnet vårt på at demokratiske rettar vert sett i spel?
Programvert Hedvig Moe inviterer Jette F. Christensen og Anine Kierulf til samtale.
BILLETTAR HER