LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

UTSTILLINGSOPNING "MOTLYS"

Fotograf Jarle H. Moe møter journalist og musikkvitar Asbjørn Slettemark. Bandet Solstorm tonelegg det heile med sine apokalyptiske riff.

Fotograf Jarle H. Moe har sidan 2010 dokumentert den bergenske musikkscena, med særleg fokus på ekstremmetall og black metal. Moe har ei eiga evne til å fange eksplosiv kraft i bilete; du kan verkeleg kjenne varmen frå pyro-flammane, og lukta frå griseblodet (!) riv i nasen. 

Porteføljen hans viser enorm breidde; alt frå Taylor Swift til Gorgoroth, via jazz, country, hiphop og folkemusikk. Det meste er representert. Moe har sidan 2012 vore fast festivalfotograf for både Bergenfest og ekstremmetallfestivalen Beyond the Gates. I 2023 hadde han i samband med Beyond the Gates ei eiga utstilling basert på festivalen si historie, “Over Bjørgvin Gråter Himmelriket”, sjølvsagt dekorert med sauehovud, i tråd med festivalen sitt visuelle uttrykk.

I løpet av dei 15 siste åra har Moe skote over 2 millionar bilete og har bygd opp eit rikt arkiv. Jarle H. Moe har vore husfotograf for Litteratursymposiet sidan 2017, og var sjølvskriven som årets utstillar når årets tema er Eksplosjon. Årets symposieutstilling viser eit utval frå Moe sitt fotografiske virke så langt, under tittelen “Motlys”.

Moe møter journalist og musikkvitar Asbjørn Slettemark til samtale, og bandet Solstorm tonelegg det heile med sine apokalyptiske riff.

utstillingsopning

Pris

Gratis

Dato og tid

02.10 kl. 16.30

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

JARLE H. MOE
JARLE H. MOE
ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
SOLSTORM
SOLSTORM