LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

KOSMISKE MYSTERIER OG SPEKTAKULÆRE FENOMEN

Kollisjonar og eksplosjonar i verdsrommet med Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med ut i eit univers der eksplosjonen er sjølve drivkrafta: Frå dei minste atomkollisjonane som får stjerner til å tennast, til solstormar som kan lamme teknologi på jorda, frå vulkanske utbrot på ismånar til gigantiske stjernesmell, galaksekræsj og det store smellet som starta alt. 

I dette multimedieforedaget er Ødegaard innom gjester frå andre solsystem, bevis for liv på ein planet utanfor Solsystemet, romheisar og romreiser, sorte hol og ormehol, mystisk mørk materie, den mest valdsame eksplosjonen i historia - og mykje meir!

Med smittande formidlarglede og brennande entusiasme fortel Ødegaard om dei vakraste, villaste og mest valdelege kreftene i universet – og kvifor dei har noko å seie for oss. Program for heile familien.

kosmiske%20mysterier%20og%20spektakul%C3%A6re%20fenomen

Pris

200

Dato og tid

05.10 kl. 18.00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

KNUT JØRGEN RØED ØDEGAARD
KNUT JØRGEN RØED ØDEGAARD