LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

BIKUBESALONG

Intime oppplesingar i stovene til folk i Murboligen. Simon Stranger, Inger Bråtveit og Frode Grytten.

Arkitekt Egill Reimers si bustadblokk Murboligen i Odda vart bygd i 1915 og hadde 44 leilegheiter. Bustadblokka skulle ta unna for bustadnauda, som veks i takt med industrireisinga i Odda. Trenden i byane var å byggje storgardskvartal, som gav romslege felles gardsrom og klassisk utforma byparti. I byane bygde dei vidare bortover gata i same stil, men i Odda kom ein aldri lenger enn til dette eine bygget. Dette er vårt storgardskvartal.

I Bikubesong fylte Frode Grytten Murboligen med alle slags magiske skapningar, og bikuben har levd vidare. Det blei tidenes suksess på Det Norske teater, det blei Litteratursymposium i Odda, det blei eit begrep i seg sjølv. På denne lesinga, opnar tre bebuarar sjenerøst dørene og slepp oss inn i stovene sine. 

Simon Stranger les frå Museum for mordere og redningsmenn

Dette er forteljinga om det jødiske ekteparet Rachel og Jacob Feldmann som blir drept av grenselosane dei trudde skulle redde dei. Om Ellen Glotts familie som fekk bustad, private gjenstandar og framtidsdraumar røva frå seg, før dei blei jaga på flukt.To generasjonar seinare skal Ellens borneborn gifte seg med forfattaren Simon Stranger. Under eit skrivearbeid om det norske folkemordet, kjem Stranger over opplysningar om eiga slekt, som gir nye perspektiver på det mørkaste kapittelet i moderne historie.

Romanen er utforma som eit museum. Kvart kapittel er ein sal, fylt med gjenstandar, fotografier og minner. Til saman dannar dei ein mosaikk frå den verkelege verda, der kvar bestanddel avdekkjer ei historie så merkverdig og makaber, at den overgår fantasien. Museum for mordere og redningsmenn er ein roman om ytterpunkta i det menneskelege, om skuld og ansvar, og om korleis vi iblant kan vera avhengige av framande for å overleve. Boka er ein frittståande oppfølgjar av Leksikon om lys og mørke

 

Inger Bråtveit les frå Vassarv

Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.

Vassarv er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen. Vassarv er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.

Frode Grytten les frå Bikubesong

Romanen skildrar eitt år i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

murboligen%2C%20skodvin

Pris

250,-

Dato og tid

05.10 kl. 14.00

Sted

MURBOLIGEN

Medverkande

FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
INGER BRÅTVEIT
INGER BRÅTVEIT