LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

MINNE, SANNING OG SKRIVING

Vigdis Hjorth, UKON OG Gisle Selnes i samtale med Espen Stueland om psykoanalyse og minne.
For over hundre år sidan trakk Freud koplingar mellom kreativ skriving og barndomsminne som kjem til overflata. Så lenge menneska har vore opptekne av psyken, har mykje av litteraturen også vore prega av arbeid med minne og hukommelse. Der psykoanalysen i periodar har vore sett på som passé, kan det no synast som han er i ferd med å få ein renessanse, med nyvakna interesse blant forfattarar og lesarar. Korleis arbeider litteraturen med minne, korleis kan vi vite at det vi hugsar verkeleg skjedde, og finst det nokre fallgruver ved å analysere sine eigne fortidsminne? Kva er eit sant minne?

Forfattar Vigdis Hjorth har skrive om psykoanalytisk behandling og minne, særskilt i romanen Arv og miljø. Svenske UKON er, i tillegg til å vere forfattar, også psykoanalytikar. Litteraturprofessor Gisle Selnes har leia psykoanalytisk lesegruppe og eit større seminar i Bergen. Dei møtest til samtale leia av forfattar Espen Stueland.
 
ukon

Pris

100,-

Dato og tid

11.10 kl. 17:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ULF KARL OLOV NILSSON (UKON)
ULF KARL OLOV NILSSON (UKON)
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
GISLE SELNES
GISLE SELNES
ESPEN STUELAND
ESPEN STUELAND