LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

FEDRE

Bjørn Ingvaldsen, Lars Ove Seljestad diskuterer fedre, i litteraturen og i den verkelege verda. Ordstyrar: Eirik Ingebrigtsen.
Foreldre er våre næraste. Vi er hjelpelause utan dei i starten. Men kva skjer når ein veks opp: når foreldra sviktar, når ein glir frå kvarandre, når mor masar, eller ein ikkje kan leve opp til fars forventningar?

I Bjørn Ingvaldsen si bok av året, Far din, møter vi ein ung gut som opplever at politiet hentar faren, fordi han i lang tid har stole saker og ting på jobben og i bygda. Kva skal han gjere, når alle hatar faren hans fordi han stel? Han kan jo ikkje nekte - faren er jo ein tjuv. Og han har stole frå dei òg, guten og mora.

Gjennom Lars Ove Seljestad sin forfattarskap ruver farsskikkelsane like sterkt som fjella og fabrikkpipene. I Fjorden (2011) ser ein middelaldrande mann tilbake på sitt liv i lys av sin fars død. Den handlar om å forma eit liv i skuggen av ein far - den levande faren, så vel som den døde.

Bjørn Ingvaldsen, Lars Ove Seljestad diskuterer fedrar, i litteraturen og i den verkelege verda. Ordstyrar: Eirik Ingebrigtsen.

 

Pris

100

Dato og tid

13.10 kl. 18:00

Sted

HARDANGER HOTEL

Medverkande