ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

TRYGVE SKAUG

Trygve Skaug er låtskrivar og vokalist, kjend frå bandet StMorritz som debuterte på norsk med albumet ”Tusenvis av ting” i 2010. Låta “Prøve meg igjen” vart raskt bandets første radiogjenganger og songen “Allting blei stilt” vart den meste spelte songen på NRK P1 i 2010. StMorritz sette og verdsrekord i turnéverksemd, med 40 konsertar på 40 timar sommaren etter. Det kritikarroste album nummer to, med radiofavorittane "Like små" og "Herfra ser jeg stjerner" gav bandet ein enno større følgarskare.
 
“Martyren” og “Heldig” – dei to første singlane frå debutalbum vart fort radiolista. Til saman har låtane til Trygve Skaug hatt over 100 veker på norske radiolister sidan 2010.
 
Skaug har òg gjeve ut to diktbøker, som har fått positiv merksemd i media. Mikropoesien hans har blitt eit populært fenomen på både Twitter og Instagram.
 
Sjangermessig beveger han seg frå lun pop til sjelfull folk, frå smårocka americana til mørkare country og blues, alt blanda inn i ein fin pakke med varme og tankefulle viser.
Skaug er og kjend for sine treffsikre omsetjingar av kjende Cash- og Dylan-låtar.
 
 
 
Trygve Skaug er òg veldedighetsarbeidar på si. Han er aktiv promotør av arbeidet til Star Of Hope, ein bistandsorganisasjon med fokus på utdanning. Dei arbeider i 13 land. Skaug har besøkt arbeidet deira i Manilaslummen, og var i september 2016 på besøk i ein av de store romlandsbyane i Romania.