FRODE GRYTTEN

Fødd i 1960 i Odda. Debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Sidan har han gitt ut romanar, noveller, ei reisebok og fleire biletbøker for barn og vaksne. Gjennombrotet som forfattar kom med romanen Bikubesong. For den fekk han Brageprisen i 1999 og vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i 2000. Romanen har vorte teaterstykke og har gått for fulle hus i fleire sesongar på Det Norske Teatret og i Lindehuset i Odda.

Romanen Flytande Bjørn gav han Rivertonprisen i 2005. Novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen kom i 2007. I 2009 kom Det norske huset der Grytten skriv tekstar til Jens Hauge sine fotografi av barn sine trehytter. Same år kom for første gong Frode Grytten sine noveller i samling. I høve Frode Gryttens 50-årsjubileum i 2010, kom essay - og artikkelsamlinga 50/50.

"Dronninga er død", Frode Gryttens tolkning av The Smiths-plata «The Queen is dead» gjorde stor suksess under symposiet 2010.

Romanen Saganatt var ein trilogi om tre menn i tre generasjonar - bestefar, far og son, og er eit satirisk portrett av Noreg dei siste 30 åra. Andre del av triologien vart filmatisert, i 2014 hadde Her er Harold førpremiere på Litteratursymposiet. I 2013 kom Brenn huset ned, ein roman om punk-bandet The Clash. I 2016 var Grytten tilbake til sitt foretrukne format med novellesamlinga "Menn som ingen treng".

Dei siste åra har han gleda publikum både i Odda og andre stader med sine musikalske samarbeidsprosjekt, ofte med eigne tolkingar av eigne favorittar: Bruce Spingsteen, The Clash m.fl. Bikubegang med Grytten er ein institusjon under Litteratursymposiet. 

 

Tidligere program

FRODE GRYTTEN
Foto: Helge Skodvin

Katalog 2017

 

Katalog 2017