LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Her er Harold

Førpremiere på film. På scenekanten med Frode Grytten, Bjørn Sundquist og Gunnar Vikene. Programvert: Davy Wathne.
Litteratursymposiet byr i år på ein før-premiere på Gunnar Vikene sin nye film Her er Harold, som er basert på del 2 i Frode Gryttens bok Saganatt.

Her er Harold er ein fandenivoldsk roadmovie og flatpakka komedie med Bjørn Sundquist i hovudrolla som den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde, som køyrer til Almhult i Sverige for å kidnappe IKEA-gründer Ingvar Kamprad.

Harold har, saman med kona Marny, drive "Lunde møbler" med suksess i over førti år. Men så opnar IKEA eit nytt gigantisk kjøpesenter vegg i vegg med den vesle møbelbutikken. Harold og Marny går konkurs og mistar både butikk og heim. Det er snart jul og Harold har tapt nesten alt som betyr noko for han. Med stigande frustrasjon og i sinne bestemmer han seg for å ta hemn: Harold skal kidnappa sin nemisis.

I sin gamle Saab tar han turen mot Sverige. Den første han møter der er Ebba, ei einsam 16 år gammal jente som har rømt heimafrå. Ho synast at kidnappinga er ein strålande idé. Det odde paret klarer trass alle odds å bortføre Ingvar Kamprad. Dessverre for dei er Kamprad ganske så nøgd med å bli kidnappa. Han ser det heile som ein god anledning til å promotera seg sjølv og IKEA…

Etter filmvisinga blir det På scenekanten-prat med forfattar Grytten, regissør Vikene og skodespelar Sundquist. Programvert er Davy Wathne.

Pris

Dato og tid

09.10 kl. 20:00

Sted

ODDA KINO

Medverkande