LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LITTERÆR LUNSJ - Alt vel med mor og barn

Randi Fuglehaug les frå boka Alt vel med mor og barn.
Babyar kjem definitivt ikkje med storken

Randi Fuglehaug skriv i boka Alt vel med mor og barn om 46 kvinner sine fødehistorier. Kvinner frå Sørlandet til Svalbard fortel om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehus og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, kjempe mot smertene mange tusen kilometer frå den ein er mest glad i og måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Dei fortel om å bli mor for tidleg, for seint og når ein eigentleg trudde det ikkje lenger var mogleg.

Historiene handlar om Noreg dei siste 70 åra, om korleis det er å leve i vår privilegerte, langstrekte og vêrharde land i nord. Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.
 
Fuglehaug

Pris

GRATIS

Dato og tid

10.10 kl. 11:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

RANDI FUGLEHAUG
RANDI FUGLEHAUG