LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

GATEPRAT

Kjersti W. Håland i samtale med Fredrik S. Hagen om "Dommedøgn"
Gågata i Odda er og var plassen å henge, enten ein var for unge til å kome inn på Hjørna, det var staden for «Slippet» – der alle samlast når ein blei kasta ut. Når ein skal møte nokon for å gå i Odda: Vi møtes ved firkanten, blomsterbeddet nedst i gata, som i grunnen ikkje er heilt firkanta. Det er navet i handelsstanden og det absolutte sentrum i Odda by.

Laurdag under symposiet inviterer vi til Gateprat nedst i gågata. Kjersti Wøien Håland (frå Høyanger) sin roman Dommedøgn skal runge over gågata i Odda.

Dommedøgn fortel om industribygda Berg. Fabrikken er nedlagd, framtida usikker og naturen truande. Vi følgjer fleire av bebuarane i Berg: den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ei kvit kanin med raude auge, som truleg er klarsynt. Inga er ordførar og prøver desperat �������� få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidlar. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman, prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient.

Dei prøver alle å finne att meininga med eksistensen, men frå fjellet ute i fjorden heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.

Pris

Gratis

Dato og tid

10.10 kl. 12:00

Sted

EKSPEDISJONEN, LOFTHUS

Medverkande

KJERSTI WØIEN HÅLAND
FREDRIK HAGEN