LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SYMPOSIESEMINAR - LESARSØRVIS

I samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek.
I år er tema Lesarsørvis: Verktøykasse til aktiv litteraturformidling. Seminaret er for bibliotekarar, pedagogisk personale og litteraturinteresserte. I samarbeid Hordaland fylkesbibliotek.

Lesarsørvis er eit prosjekt i regi av Telemark fylkesbibliotek, med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Kurset tek sikte på å heve formidlingskompetansen til bibliotekarane gjennom ein ny og systematisk tilnærmingsmetode til litteraturformidling. Kurset går over to dagar, og med verkstad og foredrag får deltakarane praktisk erfaring i korleis ein kan bruke Lesarsørvis.

Hovedfokuset i Lesarsørvis er å utarbeide gode leseforslag, basert på lånarens behov og ønskjer. Det blir innført fleire teknikkar og verktøy, som vil hjelpe bibliotekaren til å formidle breidda i samlinga uavhengig av eigne leseinteresser. Prosjektet byggjer på amerikanske Readers' Advisory, som i dag er ein del av den amerikanske bibliotekarutdanninga. Metoden er godt innarbeida i fleire amerikanske folkebibliotek. Meir om Lesarsørvis kan du lese her: http://www.lesersorvis.no/

Kort om verkstaden
Det blir trening i metodikk og innføring av ulike formidlingsverktøy. Det blir mykje gruppearbeid på kurset og alle deltakarane må ha med seg enten laptop eller nettbrett. Kurshalder er Vanja Øyrås frå Hordaland fylkesbibliotek og forfattar av «Lesersørvishåndboka».

PÅMELDING

ONSDAG 11.10 KL. 12.30-16.00 / SENTRALBADET
TORSDAG 12.10 KL. 09.00-13.00 / SENTRALBADET


 
 
sentralbadet%20til%20jul

Pris

Påmelding

Dato og tid

12.10 kl. 09:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande