LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

KAPITAL DEL 1

Utdrag frå scene - forestillinga + skodespelar Hadle L. Reisæter og regissør Jens Wergeland i samtale med Elise Winthertun.
I forestillingsrekka "Kapitalen for ein mann i det 21. århundre" vil skodespelar Hadle L. Reisæter undersøke korleis han som scenekunstnar stiller seg til same tekstlege og tematiske utgangspunkt gjennom livets ulike fasar. Er etikk og moral eit spørsmål om modning? Og korleis vil dette endre seg i løpet av livet?
Forestillinga tar utgangspunkt i Stig Sæterbakken sin roman "Kapital" (2003), om den eldre kjøpmannen Konrad Ofting som i rettssalen slåst mot den urettferda han opplever rundt seg. Han er tiltala for økonomisk misleghald og eldpåsetting av eige konkursbu. Sjølv tiltalar han nasjonen. Det er ein verdikamp, der vesle David kjempar mot Goliat. Noreg er skurken, ei pengemakt som sluker menneskeverda.

I Kapital del 1 viser Hadle og regissøren fram ein trist og melankolsk Konrad Ofting som kjempar for ei verd mindre oppteken av pengar og meir oppteken av han som menneske. Forestillinga vil spegle vår oppfatting av den gjeldande samfunnsorden, og skildrar korleis den påverkar oss i våre møte med medmenneske. Dei vil sjå på samanhengen mellom den eldre mannen som får si politiske oppvakning i det han mister alt, og dei unge håpefulle som vert konfronterte med eit stadig meir brutalt arbeidsliv, kjenneteikna av deltidsarbeid og svekka arbeidsrett. Kvifor er det slik at mange av dei som lir under dei same strukturane som Konrad ikkje går gjennom den same politiske oppvakninga?

Kapital del 1 har premiere i 2018. På Litteratursymposiet får vi eit utdrag frå forestillinga, og møter skodis Hadle L. Reisæter og regissør Jens Wergeland i samtale med Elise Winterthun.
 

Pris

200

Dato og tid

12.10 kl. 18:00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

HADLE REISÆTER
ELISE WINTERTHUN
JENS WERGELAND