LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ANNE OTERHOLM
ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FORENINGEN FOR BY OG BYGD
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNHILD BERGE STANG
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS KIHL
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJARTAN FLØGSTAD
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
KRÅKENE
LARS OVE SELJESTAD
LEANDER DJØNNE
LINN STALSBERG
MARIA PASENAU
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
ODDA STORBAND
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORE SLAATTA
TRADDIES
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

LITTERATURSYMPOSIET

"Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?"
Dette spørsmålet stilte Arvid Bryne i Dagbladet hausten 2001. Frå det vaks arrangementet "Ka e det med Odda ?", som sette fokus på forfattarar og skribentar frå Odda, og som inspirerte til fleire litteraturarrangement, og kanskje også til at fleire blei forfattarar?

Litteratursymposiet i Odda har blitt arrangert i oktober (veke 41) sidan 2005. Med den moderne klassikaren "Bikubesong" dikta Frode Grytten Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Den karakteristiske forteljartradisjonen frå Odda blir halden i hevd både i romanen – og i Gryttens årlige byvandring Bikubegang der han tar publikum med på ein guida tur rundt til dei stadene han skriv om i Bikubesong. Turen inneheld historier om dei litterære karakterane i romanen og om faktiske personar og hendingar. Slik fortel han samtidig historia til industristaden Odda, som har vore ein av spydspissane i utviklinga av det moderne Norge.

Seinare har fleire forfattarar og skribentar frå Odda oppnådd nasjonalt gjennombrot, som Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo, Bjørn Ingvaldsen, Brynjulf Raaen, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås, Fredrik Hagen og Paal Elstad.

Litteratursymposiet i Odda står i ei særstilling fordi litteraturen og staden er så tett knytta saman. Den lokale forankringa i alle ledd gir arrangementet ein heilt spesiell energi og atmosfære, og publikumstalet aukar for kvart år. Fleire av arenaene på symposiet er allereie legendariske både i industrihistoria, lokalhistoria – og etter kvart også i litteraturhistoria: Lindehuset i det nedlagde smelteverket, Hardanger Hotel, Odda Kino, Meieriet og fabrikkane i Odda. 

I løpet av få år har litteratursymposiet i Odda gått frå å vere eit lite lokalt arrangement med einsidig lokalt forankra forfattarar -  til å bli ein nasjonal festival som strekker seg over fem dagar. Heimstadsdikting, arbeidarlitteratur og klassereise har alltid vore på agendaen. Kvart år har festivalen hatt eit tema:
  • Frå industrikultur til kulturindustri (2005)
  • Politisk litteratur (2006)
  • Kjærleik (2007)
  • Litteraturen i musikken i litteraturen (2008)  
  • Litterære bilete (2009)  
  • Smuss (2010)
  • Bråk (2011)
  • Fengsla (2012)
  • Unorsk  (2013)  
  • Kompis (2014) 
  • Heim (2015) 
  • Hjelp (2016) 
  • Kapital (2017)  
  • Løgn (2018) 
  • Døden (2019) 
Etter fem år med idealistisk innsats og utrygg økonomi, fekk Litteratursymposiet i Odda i prosjektstøtte frå Visjon Vest i 2009. Midlane var øyremerka profesjonalisering av drifta av litteratursymposiet. Marit Eikemo blei tilsett som festivalleiar, og ho arbeidde med å få på plass ein profesjonell organisasjon og sikre den vidare økonomiske plattforma for Litteratursymposiet. Symposiet har sidan det vekse og etablert seg som ein av landets mest sagnomsuste festivalar. Publikumstala dobla seg alt første året, og både besøkstala, tal på inviterte forfattarar og arrangement, og ikkje minst kvaliteten på programmet, var under hennar leiing høg. Sommaren 2014 takka Marit for seg. Ho starta eit nytt kapittel, som redaktør i Vigmostad & Bjørke. Ingvild Ystanes, festivalkoordinator for Litteratursymposiet sidan 2011, vart konstituert som festivalleiar. I 2015 vart ho tilsett som festivalleiar.  

Litteratursymposiet i Odda ønsker å vere ein vesentlig litteraturformidlar og premissleverandør i det norske litterære festivallandskapet og har ambisjonar om å utvikla den litterære aktiviteten utanom festivaltida.
Project_20171011_0007
Haust i Odda
murboligen%20bakg%C3%A5rdsfest2
Murboligen /Bikuben
Project_20171011_0012
Landets beste litteraturfestivalpublikum?