LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

MINE FEM ÅR SOM FAR

Bjarte Breiteig i samtale med Marit Eikemo.
I 2014 gav Bjarte Breiteig ut eit knyttneveslag av ein roman. Mine fem år som far handlar om ein kjærleg familiefar som vert skulda for overgrep mot barn. Breiteig teiknar portrettet av ein mann full av kjærleik, men med eit mørke i seg. Boka fekk svært god kritikk, og vart nominert til P2-lyttaranes romanpris.

Martin i romanen er ein god far. Det er han som lærer sønene å symje, han som lærer dei å sykle, som gjer lekser saman med dei. Dei teiknar saman, dei går tur. Han er rett og slett veldig til stades i liva deira. Martin Havn er ein mjuk mann, som gret lett og blir oppfatta av dei rundt seg som ein snill mann. Brotet med det politiet, som står på døra, skuldar han for er difor ekstra stort.

Breiteig har nok provosert mange med denne boka, men den er først og fremst svært tankevekkjande. Historier fortald frå ein overgripar sin synsvinkel er sjeldan kost i norsk litteratur og samfunnsdebatt.

Breiteig har tidlegare gitt ut fleire kritikarroste novellesamlingar. Mine fem år som far er hans første roman. I Odda møter Breiteig Marit Eikemo til samtale om boka og skriveprosessen.

Pris

50,-

Dato og tid

08.10 kl. 16:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

BJARTE BREITEIG
BJARTE BREITEIG
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO