LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Fanga i ein Frode Grytten-roman

Frode Grytten møter Asbjørn Lauvstad.
I Frode Gryttens Saganatt flytter Arvid Lunde til Odda ein gong tidlig på 1980-talet. Han blir lærar på gymnaset og blir sjef for kaffimaskina. Han ser ut som om han ønskjer å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel.

Dette syns Asbjørn Lauvstad (bildet)  liknar til forveksling på si eiga historie, mannen som flytta til Odda tidlig på åttitalet, jobba på gymnaset, blei millionær og mista alt i det store børskrakket. Historia om Asbjørn Lauvstad er ei komprimert historie om jappetida i Norge. Er han også modell for Arvid Lunde?

Lauvstad er ikkje den første som føler seg fanga i ein Frode Grytten-roman. Store deler av forfattarskapen til Frode Grytten har handling frå Odda, og oddingane les like gjerne  Bikubesong, Flytande bjørn ogSaganatt som dokumentarar om Odda som skjønnlitterære verk.

På oppmoding har Lauvstad no komme med sin eigen versjon av livet sitt i bokform. På Litteratursymposiet kan du møte Lauvstad og Grytten i samtale om forholdet mellom litteratur og Odda, litterære karakterar og levande oddingar.

Ordstyrar: Hallgeir Opedal

Pris

100,-

Dato og tid

11.10 kl. 18:00

Sted

HARDANGER HOTEL

Medverkande

FRODE GRYTTEN
ASBJØRN LAUVSTAD