WENCKE MÜHLEISEN

Wencke Fugelli Mühleisen (fødd 1953) er ein norsk forfattar og kjønns- og medieforskar. Ho har arbeidd med forståing av kjønn og seksualitet i kultur og media, som performance-kunstnar, skribent og forskar.

Mühleisen er dr. art. i medie og kommunikasjon og var frå 2003 - 2008 forskar (post doc.) ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo. Ho har vore tilsett ved Universitetet i Stavanger 2008-2014, som professor frå 2011. Sidan 2014 har ho vore frilans prosjektforskar.

Hennar interesseområde er feministisk teori, queer teori, feministisk medieteori og analyse, og forståing av kjønn og seksualitet i film, fjernsyn, populærkultur og samtidskunst. Ho har skrive mange artiklar og bidrege i ei lang rekkje forskingspublikasjonar.

I perioden 1978 - 1989 var ho aktiv som performance-kunstnar. Ho behandla tema som kjønn, kropp, seksualitet, feminisme og politikk, og vart m.a. kjend som ein «råtøff performanceartist som sjokkerte ved å kle seg naken på scena, male musa si raud og illudera samleie».

Mellom 1976 og 1985 budde ho i Friedrichshof-kollektivet, eit radikalt kunstnarkollektiv i Østerrike som eksisterte frå 1970 til 1991 og m.a. praktiserte felles eigedom, opne parforhold og felles ansvar for barneoppdraging, og som fikk kritikk for å være autoritært.

Mühleisen debuterte skjønnlitterært i 2011 med Jeg skulle ha løftet deg varsomt over, historia om si eiga mor sin død. I 2015 kom romanen Kanskje det ennå finnes en åpen plass i verden, ein sjølvransakande roman om lengta etter radikale livsval – og kor gale det kan gå. Her konfronterer Mühleisen faren si fortid i Wehrmacht og sine egne erfaringar frå kollektivet i Østerrike, og søker samanhengen mellom dei to.  

 
WENCKE MÜHLEISEN
Foto: Rolf M. Aagaard

Katalog 2018

 

Katalog 2018