FREDRIK HAGEN

Fredrik er fødd og oppvoksen i Odda, og busett i Bergen. Han har studert kunsthistorie ved Universitet i Bergen, og seinere ved lærerskolen i Bergen, og har skrive mastergrad i historiedidaktikk.

Han debuterte skjønnlitterært i år med diktsamlinga "Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg", ei sår og skjør samling som viser kor vanskeleg det er å ta vare på seg sjølv, ikkje minst dei sidene ved oss som er avhengig av andre.

Fredrik er initiativtakar og avtroppande redaktør for diktfanzina Forsvinningspunkt: ei utgjeving for unge, ukjende og upubliserte poetar.

Han har tidlegare blitt publisert i antologien Signaler 2013, Cappelen Damms årvisse debutantantologi der forfattarar som enno ikkje har fått tekstane sine publisert får stå side om side med etablerte forfattarar.

Hagen er medansvarleg og bokpratar på Lyrikksalong i Boksalongen, Litteraturhuset i Bergen sitt faste poesiprogram, har jobba med Poesidigg og har ei rekkje samtalar og opplesingar både på biblioteket og elles på byens og landets kulturscener.
 

Tidligere program

FREDRIK HAGEN
Foto: Renate Aase Espe

Katalog 2016

 

Katalog 2016