LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

MØT ANNE OTERHOLM

Raffinert, tilsynelatande banal og provoserande. Kva er det med Anne Oterholms forfattarskap? Anne Oterholm i samtale med Margunn Vikingstad.
Raffinert, tilsynelatande banal og provoserande. Kva er det med Anne Oterholms forfattarskap? Anne Oterholm i samtale med Margunn Vikingstad.

Anne Oterholm har gjennom åtte romanar kompromisslaust utvikla eit særprega og risikabelt litterært prosjekt. Risikabelt fordi ho har valt motiv som kan oppfattast som banale eller melodramatiske: Høyr berre: Trekantdrama, promiskuitet, forbode begjær, alkoholisme, uansvarlige foreldre, søkjande tenåringar.

Då ho fekk Aschehougprisen i 2010 la juryen vekt på at Anne Oterholm har funne ei unik litterær form som ikkje berre utforskar eksistensielle problemstillingar, men som gir lesaren ei litterær røynsle av eksistensielt grunnleggjande drifter og redsler. Ho demonstrerer at overflata og det banale ikkje lar seg skilje frå det eksistensielle, og at det tilsynelatande lette og tilfeldige ikkje er mindre meiningsberande enn det kompliserte og dramatiske. Og ho utfordrar oss litterært og intellektuelt, noko som er viktig i seg sjølv.

I år kom Liljekonvallpiken, åtte år etter den førre romanen. Det er ein forunderleg og urovekkande roman skrive av ein forfattar med eit skarpt blikk for det eksistensielle og fundamentale i det ordinære.
Merete ser ut til å ha skaffa seg eit nytt liv. Ho er nyskilt og middelaldrande, med alminneleg utsjåande og ei stilling som offentleg forsvarar. Hun treff ingen av dei gamle venene lenger; ikkje eingong dei to vaksne borna sine har ho meir enn høgst naudsynt omgang med. I staden bruker ho fritida saman med det umake kjæresteparet i leilegheita  under, Karianne og Mikke: ho ein smellvakker, trettiårig vekebladjournalist, han i starten av tjueåra, kroppsfiksert og arbeidsledig. Snart kjem Mikke sin eldre bror Sigurd på besøk frå London, og han inntek òg Meretes liv.

Jonas er ein av dei Merete har slutta å sjå. Men han ser ho, som gjennom eit einvegsspeil. I femten år har han vore venen hennar, og no observerer han Merete sine famlande, klossete forsøk på å etablera nye relasjonar, hennar usikkerhet og det som i hans auge er eit ubegrunna og urealistisk ynskje om å starta på nytt.
anne_oterholm_big

Pris

50,-

Dato og tid

08.10 kl. 16:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ANNE OTERHOLM
ANNE OTERHOLM
MARGUNN VIKINGSTAD
MARGUNN VIKINGSTAD