VIGDIS HJORTH

Vigdis Hjorth er fødd i 1959 i Oslo. Ho er cand.mag med faga idehistorie, statsvitenskap og litteraturvitenskap i 1983. 
Hjorth debuterte som barnebokforfattar i 1987 og har sidan utvikla eit stort forfattarskap både for barn og vaksne.

Hjorth fekk Norsk kulturråds debutantpris for den første boka si, Pelle Ragnar i den gule gården og har sidan fått kritikarprisen og cappelenprisen. Hjorth arbeidde i NRK barneradioen og var redaktør av Barnetimeboka i 1989 og 1991.Gjenombrotet som forfatter for vaksne kom med romanen Drama med Hilde (1987). Sommaren 2006 kåra Dagbladets lesere Om bare (2001) til éin av dei viktigaste romanane frå dei siste 25 åra.

Hjorth skriv eksistensielle bøker om menneska sine vilkår og livsval. Ho har eit skarpt blikk for aktuelle tema i samtida. Med Hjulskift (2007), Snakk til meg (2010), Tredve dager i Sandefjord (2011), Leve posthornet! (2012) og Et norsk hus (2014) har ho markert seg sterkt som ein uredd politisk forfattar.

Ho fekk Kritikerprisen 2012 for Leve posthornet! Romanen vart óg dramatisert, og vart ein suksess for Riksteateret. I 2014 fekk ho Amalie Skram-prisen. Hennar foreløpig siste roman, Et norsk hus, kom ut hausten 2014 til strålande kritikk.

I 2010 fekk Vigdis Hjorth den høgthengande Gyldendalprisen for forfattarskapen sin, og i 2014 fekk ho Brages Hederspris.

Hennar foreløpig siste bok Arv og miljø, kom ut hausten 2016 til strålande kritikk, og sparka i gang ein ny debatt om virkelighetslitteratur som raste i spaltene gjennom hausten og vinteren.

VIGDIS HJORTH
Foto: Siv-Elin Nærø

Katalog 2017

 

Katalog 2017