I mange år har Lofthus delt tida og arbeidet sitt mellom Bergen og Hardanger, der atelieret hans ligg. Han er engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeidet hans har blitt vist i ei rekke utstillingar både i inn- og utland.
Komande utstillingar:
June 22nd - Sept. 1st: Kristiansand Kunsthall solo exhibition
August 24th: Kristiansand Kunsthall/ book launch
October 15th - 20th: Paris Internationale: solo w/ Entrée
Nylege:
Palacio de Bellas Artes, Santo Domingo, Dom. Rep.: Intimated structures
TOU stavanger: La table, l'océan et le fruit (Bordet, havet og frukten)
MUNCH LIVE: conversation with Brynjulf Jung Tjønn
Til sommarens soloutstilling gjev Entrée ut bok om Lars og hans forfattarskap.
Dei siste ti åra av Lars Korff Lofthus sin praksis har maleriet fått representerande element i seg. No arbeider han slik at det ikkje gjev meining å skilje mellom det maleriske abstrakte og figurasjonen. Ofte har prosjekta hans eit element av begjær i seg, og Lofthus vil at det maleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit og overskot. Han er oppteken av ein overflate som til ei kvar tid svingar mellom det magre og det saftige, og blir noko meir enn eit motiv og figurasjon.Tematisk kan arbeidet hans karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Han ser etter materiale i til dømes museumsarkiv, bøker og foto, og homo-erotikk på nett. Lofthus forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar.