ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

BEATE GRIMSRUD

Beate Grimsrud vart fødd i 1963 i Bærum og har sidan 1984 budd i Stockholm. Ho  debuterte i 1990 med Det er grenser for hva jeg ikke forstår, som vakte merksemd med sitt særeigne språk, fylt av dramatikk, poesi og humor.
 
Grimsrud skriv alle sine bøker både på svensk og på norsk, og har mottatt ei rekkje prisar og utmerkingar i begge landa; Brageprisen, Augustprisen, Aftonbladets litteraturpris, P2-lytternes romanpris, Sveriges Radios Romanpris…

Romanen En dåre fri (2010) vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå både Sverige og Noreg, og hun fekk både den norske Kritikerprisen og den svenske Sveriges radios romanpris for den. Romanen er omsett til meir enn 10 språk, m.a. engelsk, tysk, fransk og russisk. I 2011 fekk Beate Grimsrud Dobloug-prisen for sitt forfattarskap.
 
Beate Grimsrud er òg verksam som film- og radioregissør, og ho har skrive dramatikk for scene, radioteater, TV-dokumentarar og spelefilm.
 
Hennar siste roman Evighetsbarna vart lansert på svensk våren 2015 og på norsk hausten etter. Den fekk strålande meldelingar i begge land:

"Så här är det när en av de fränaste och skicligaste berättarna i Norden skriver en roman", skrev Aftonbladet.

"Beate Grimsrud innfrir alle forventninger med sin nye roman (...) Evighetsbarna er en ny påminnelse om Beate Grimsruds litterære begavelse, og hennes skjeve, kloke blikk på verden og tilværelsen." Turid Larsen, Dagsavisen.
 
I 2010 deltok Beate på symposiet, med m.a. ein litterær boksekamp. I år kjem ho tilbake!  
 
 
beate%20grimsrud%20foto%20cappelen