KNUT GROVE

Knut Grove (fødd 1964) er oppvaksen på Voss og har hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen (1992). Grove er forskar ved Uni Research Rokkansenteret og førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Han har også nær tilknyting til Vestnorsk Kulturakademi på Voss. 

Grove har arbeidslivshistorie og lokal- og regionalhistorie som hovudfelt. Han har mellom anna skrive bygdeboka for Eidfjord (2010), var med som ein av bidragsytarane i verket om Vestlandets historie (2006) og har elles fleire bidrag til lokalhistoria på Voss.

Innan arbeidslivshistorie har Grove mellom anna vore medforfattarar av bøkene om kjemiskarbeidarane og foreininga deira på Karmøy (1992), Jern- og metallarbeidarforeninga på Stord (1996), og om verkstadklubben ved Laksevåg verft (2007), samt historia om Lærarforbundet (2005).

Grove var ein av forfattarane av regionhistoria for Hardanger som kom i vår. Han er no programkoordinator for masterprogrammet i region og regionalisering ved AHKR, og arbeider ved Rokkansenteret med eit prosjekt om BKKs historie.
 
KNUT GROVE
Foto: Olav Taskjelle

Katalog 2018

 

Katalog 2018